Du får med dette tilbod om koronavaksinering på Gamle Vegstasjonen i Lærdal:

DOSE 1:  Står i tilsendt SMS

DOSE 2:  Står i tilsendt SMS
 

Dose 2 skal takast etter 6 veker. Du får no innkalling til begge dosane. Du får vaksina Comirnaty frå Pfizer/BioNTech.  
Det er viktig at du møter den dagen og til det tidspunktet du er sett opp på. Etter at vaksina er gjeven må du vente 20 minutt i vaksinelokalet. 
Dersom du ikkje kan møte fordi du til dømes er sjuk, tek du kontakt med Lærdal Helsesenter 57 66 95 00 og avbestille timen din. Dette vert registert og du vert kalla inn til ny time ved eit seinare høve.

Å vaksinere seg er frivillig, så dersom du ikkje ynskjer å vaksinere deg, gje beskjed snarast mogeleg slik at vaksina kan gjevast til nokon andre. 

Før du møter til vaksinering må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema som du tek med ferdig utfyllt.  Link til skjema finn du her.
Det er fint om du har på deg klede som er lette å ta av og på. Ta omsyn til smittevernreglane og me oppmodar deg til å ha på munnbind.  
 
Vaksina er gratis. 
 
Vél møtt 
Med venleg helsing 
Lærdal Kommune v/vaksinekoordinator