Som varsla før helga kunne det bli aktuelt å ikkje ha salutt på morgonen nasjonaldagen i år. Bakgrunnen var først og fremst at me ikkje hadde nokon til å stå for salutten.

Låvesvale er ein av mange fuglar med fin vårsong. Den hekkar gjerne i låvar og uthus. Kledd i raudt, kvitt og blått er dei også, i alle fall delvis. Foto frå Pixabay

Det har me framleis ikkje. Vidare er salutt eit omdiskutert tema - for mange dyr er det skremmande, og det er det for ein del tobeinte også. Difor har kulturavdelinga i Lærdal kommune kome fram til at det ikkje blir salutt i år.

Samstundes er det meldt strålande vêr med stort sett sol frå skyfri himmel og tjue grader pluss på dagtid heile veka, nasjonaldagen inkludert - sjekk vêrvarselet på yr.no ved å klikka på denne lenkja.

Det skulle såleis liggja godt til rette for å vakna til lifleg fuglesong på 17.mai i staden - ved å klikka på denne lenkja til Naturvernforbundet kan ein høyra seg opp på korleis ulike vårfuglar syng.

Endeleg 17.mai-program 2024