– Her trur eg det er moglegheit for mange frå Indre Sogn til å finne att portrett av tippoldeforeldra sine. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme har skapt hundrevis av portrett. No stiller me ut portrett av minst 60 ulike personar, dei fleste vert vist fram for første gong, seier kurator for utstillinga, Ingrid Norum. 

Årets utstilling på Sogn kunstsenter opnar fredag 16. juni klokka 17 ved avdelingsdirektør Tor Martin Leknes og kurator Ingrid Norum ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne - viss du klikkar her finn du invitasjonen.

Kurator Ingrid Norum syner fram ei skissebok frå 1917, då var Hans Gjesme berre 13 år
Kurator Ingrid Norum syner fram ei skissebok frå 1917, då var Hans Gjesme berre 13 år

Mest sogningar

Andlet til andlet heiter utstillinga av Hans Gjesme sine verk; lærdølen som på 1920-talet drog til Kristiania og Paris, og kom heim att og målte innbyggjarane. Men så er det det at me ikkje veit kven alle desse personane han portretterte var, så her kan publikum hjelpa til. 

Om du klikkar på denne lenkja kjem du til Digitalt museum ser du ein del av portretta (I mange av skissebøkene er det foto av fleire portrett. Då må ein klikke inn på skisseboka for å kunne bla i bileta)

- Minst 50 av dei portretterte menneska er sogningar; både kvinner, menn og born. På sett og vis presenterer me ein 100 år gamal tidskapsel, forklarar Norum.

Hans Gjesme laga også ein heil del sjølvportrett
Hans Gjesme laga også ein heil del sjølvportrett

Gjesme teikna portrett både med blyant, kol og penn – pluss at han målte ein heil del portrett. Sidan få av portretta er stilte ut før og ein i dei fleste tilfelle ikkje veit kven dei portretterte personane er, blir det mange spennande, små mysterium på årets Gjesme-utstilling! 

– Ulike opplevingar

Som kontrast til 1900-talet sin målar- og teiknekunst, stiller Sogn Kunstsenter òg ut skulpturelle verk i metall som stål, messing, kopar og sølv. Dette er metallrelieff inspirert av natur- eller menneskeskapte landskap, skapte av av kunstnaren Kjell Gunnar Overøye frå Sunnmøre. Utstillinga heiter Andre landskap.

Overøye nyttar ein gamal og arbeidskrevjande teknikk kalla damascene, som er å legge ein type metall inn i eit anna, for å skapa eit mønster. Ein kjenner teknikken att frå Midtausten, som har ein tradisjon for å laga til dømes tallerkenar med mønster på den måten. 

– Det er stor skilnad i både tid, teknikk og tema hjå desse kunstnarane. Kvar på sin måte deler dei sine erfaringar og idear gjennom kunstverka sine. Kunstnarane byr på ulike opplevingar for publikum, men å sjå dei under same tak, trur eg kan vere ei fin kontrast som får fram særpreget hjå begge, seier Norum.

I tilknyting til portrettutstillinga vert det sjølvbetjent verkstad for store og små. Der finn du oppgåver som stimulerer til å sjå betre etter og til å portrettere både seg sjølv og andre, med blyant eller mobilkamera.