- Men me skal ikkje bli høge og mørke. Det er mange ting me kan bli betre på, sa ordførar Audun Mo etter at samfunnsvitar Arve Østgaard i Sentio Research Group hadde presentert sin analyse av undersøkjinga for Lærdal.

I siste halvdel av november vart det gjennomført ei innbyggjarundersøkjing i kommunen. Her vart innbyggjarane inviterte til å svara på ei rekkje spørsmål om kva dei tykkjer om Lærdal - både som plass og som heimkommune. 551 svarde på undersøkjinga, av 1071 inviterte (alle innbyggjarane i Lærdal som Sentio research group hadde mobilnummer på i sin database vart inviterte - fekk ein ikkje SMS om undersøkjinga var det fordi ein ikkje låg inne i databasen, som det kunne vera ei rekkje årsaker til).

Innbyggjarundersøkjinga, eller borgarundersøkjinga, er i regi av Sentio research group, som har utvikla den i samarbeid med Nord universitet. Altså er det eit standard spørjeskjema med faste spørsmål. 

Ei rekkje kommunar har gjennomført undersøkjinga før, så analysen og rapporten baserer seg på samanlikning av Lærdal kommune opp mot både samanliknbare kommunar (kommunar med under 5000 innbyggjarar) og landssnittet.

Politikarar og tilsette i administrasjonen følgjer med på presentasjonen.

- Svært gode resultat

Då Østgaard presenterte sin analyse av undersøkjinga for Lærdal 14. mars - der politikarar frå formannskapet og kommunestyret, pluss einingsleiarar i administrasjonen var til stades - fortalde han mellom anna at Lærdal hadde best score av alle kommunar som har gjennomført innbyggjarundersøkjinga dei siste ti åra på følgjande målingar:

  • Informasjon til innbyggjarane
  • Kommunen som organisasjon
  • Samfunnsansvar og etikk
  • Tryggleik for kriminalitet
  • Tryggleik i kvardagen
  • Kriseberedskap
  • Omdøme
  • Tillit til politikarane
  • Politikarane sin lytting til innbyggjarane
  • Demokrati

- Dette er svært gode resultat for Lærdal, sa Østgaard.

Vidare påpeikte han at denne undersøkjinga ikkje er ei brukarundersøkjing i så måte, men eit augeblikksbilete på kva folk meiner og snakkar om i høve bygda og kommunen, og at ein må ta det for akkurat det.

Nokre av svara til dei opne spørsmåla som Østgaard trekte fram.

Dette ønskjer mange seg

Østgaard trekte fram sentrumsattraktivitet som feltet der kommunen utifrå undersøkjinga har tydelegast betringspotensial. 

- Då eg kom i går kveld var det mørkt og folketomt. Eg hadde spurt verten der eg skulle bu om kvar eg kunne få kjøpt middag, og då var svaret at det einaste som var ope på kveldstid på denne tida av året, var Esso-stasjonen, men at han kunne laga noko til meg. Så verten var svært serviceinnstilt. Eg kom også etter klokka 21, og då var Essoen dessutan stengt, sa Østgaard.    

I tillegg til dei faste spørsmåla i innbyggjarundersøkjinga, var det nokre opne spørsmål til slutt, og der var attendemeldingane kring dette med sentrumsattraktivitet svært tydelege - folk ønskjer seg meir møteplassar, leikeplassar og lys i gatene, kort fortalt.

Dermed var utfordringa gitt til politikarar og administrasjon - elles kan ein sjå nærare på resultata av undersøkjinga ved å trykka på denne lenkja.