I år vil 17.mai-toget på Lærdalsøyri gå frå Gamlebanken og opp Øyragata som før til det kjem til krysset ved Gamleskulen/tidlegare Kosen ungdomsklubb. Her svingar toget inn Skulevegen og held fram til der gata Einemo startar. Så går ruta vidare her, på “baksida” av barnehagen og Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) til Hansegardsvegen, og deretter som før - rundt LBO og til Lærdalsøyri skule på Skulevegen, sjå kartet med innteikna rute.

Bakgrunnen for denne omlegginga er først og fremst at ein unngår å dra toget ut på riksvegen via Skilbreikrysset.

Når det gjeld bilkortesjen til Indre Sogn Automobilclub som startar frå Lærdalsøyri skule klokka 15 vil bilane - i alle fall ein del av dei - køyra opp gjennom dalen til Borgund og via Borgund sentrum slik at mange får høve til å sjå bilane deira.

Velkomne til tradisjonell 17.mai-feiring i Lærdal!