Vel 20 er påmelde til UKM, i form av sceneinnslag og kunst som står til utstilling.

Fullstendig program får ein sjå når ein kjem på UKM Lærdal, som altså startar i kultursalen klokka 16 laurdag 9.mars, men det blir både pop, hip hop, klassisk, country og altså mykje spennande kunst som lærdalsungdom står bak.

Det kostar 100 kroner for vaksne i inngangsbillett, ein betalar med kort eller vipps i døra. Born er gratis. Velkomne!

Har du ikkje høve til å koma så streamar Hallo Sogn UKM Lærdal, klikk her for å koma til streamen.