Då går nemleg Internasjonal bygdekveld av stabelen! 

Arrangementet byrjar å bli ein årleg tradisjon der kulturhuset vanlegvis er stappfullt av folk, flotte kulturelle innslag frå ulike verdshjørne og eit svært internasjonalt buffetbord. 

Først er det ein seanse med musikk og dans inne i kultursalen. Dette er ein miks av norske innslag og internasjonale innslag som innbyggjarar frå ulike land står for. Dette startar altså klokka 18 og varar i tre kvarter eller så. 

Etter dei kulturelle innslaga er det matservering ute i vrimleområdet - her er det då rettar frå ulike land som folk kan gå rundt og forsyna seg av. Maten blir laga av innbyggjarar som diskar opp med rettar frå sine heimland.

Alt er gratis, så det er berre å setja av tysdag 13. februar frå klokka 18 til om lag klokka 20 og koma i kulturhuset! Lærdal kommune ved kultur, vaksenopplæringa og flyktningtenesta er arrangørar.