I BUA finn du utstyr du kan låna gratis til ein aktiv kvardag.

BUA finst over heile landet, men det varierer kva du finn hjå dei ulike kommunane. I BUA Lærdal kan du sjå oversikt over utstyret me har på nettsida vår. (BUA Lærdal blir tilgjengeleg på nett frå måndag 8. januar) 

På vinteren kan du mellom anna finna langrennsski, truger, akebrett/akematter, telt, stormkjøken og sekkar. Resten av året vil du finne diverse utstyr basert på sesongbaserte aktivitetar. 

BUA Lærdal er ei sjølvbetent løysing der du reserverer utstyret du vil ha på nettsida Bua.no. BUA Lærdal vil halde ope kvar tysdag og torsdag mellom kl. 14-16 på Lærdal Brukthjørna. 

Dersom du ynskjer å prøve noko av utstyret på førehand kan du ta kontakt med BUA Lærdal på e-post bua@laerdal.kommune.no eller på telefon: 96 01 92 71.

Du finn oss også på facebook: BUA Lærdal