Dei nye smittetilfella er som forventa, og er knytt til elevar ved Lærdalsøyri skule og nærkontaktar til desse.

Kommunen følgjer dei nasjonale råda for smittesporing og testing.  Her kan du sjå eit skjematisk oppsett over smittesporing og testing. PDF document ODT document

Det er svært viktig at alle fylgjer dei enkle nasjonale smitteråda:

  • Reine hender.
  • Vær heime når du er sjuk.
  • Test deg ved tvil når du har symptom.
  • Hold 1 meter avstand, og avgrens tal nærkontaktar
  • Bruk munnbind i situasjoner der du kjem tett på folk du ikkje kjenner eller har symptomer.
  • Vaksinerte treng kun teste seg ved symptomer.

Born i uvaksinert alder vert testa etter eit eige program for å gå på skulen eller i barnehagen, og informasjon om testprogrammet går ut direkte til dei dette gjeld for.

Kommunen vil vurdere situasjonen fortløpande, og det vil bli lagt ut oppdatert informasjon om smittesituasjonen kvar dag på heimesida.
Ved symptom - ikkje møt opp på helsesenteret. Få heller nokon til å henta hurtigtesten, eller gjer avtale på tlf 576 69 500.

Mediekontakt for informasjon om smitteutbrotet i Lærdal er ordførar Audun Mo, mobilnr. 992 05 006.