Smittetilfella fordeler seg på på 13 barn og 11 vaksne. Dei nye smittertilfella er knytt til Lærdalsøyri skule og Lærdalsøyri barnehage.

Kommunen følgjer dei nasjonale råda for smittesporing og testing.  Her kan du sjå eit skjematisk oppsett over smittesporing og testing. PDF document ODT document

Vaksinasjonsdekning i Lærdal er svært høg, som tyder at befolkninga er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Dei vaksinerte smittast ikkje så lett og smittar heller ikkje så lett vidare. Born blir sjeldan alvorleg sjuke.

Det er svært viktig at alle fylgjer dei enkle nasjonale smitteråda:

  • Reine hender.
  • Vær heime når du er sjuk.
  • Test deg ved tvil når du har symptom.
  • Bruk munnbind i situasjoner der du kjem tett på folk du ikkje kjenner eller har symptomer.

Vaksinerte treng kun teste seg ved symptomer.

​Born i uvaksinert alder vert testa etter eit eige program for å gå på skulen. Sjå skjema over kva du skal gjere når du har symptom på luftvegsinfeksjon.

Kommunen vil vurdere situasjonen fortløpande, og det vil bli lagt ut oppdatert informasjon om smittesituasjonen kvar dag på heimesida. Les meir om smittesporing på Helsenorge.no.


Ved symptom - ikkje møt opp på helsesenteret. Få heller nokon til å henta hurtigtesten, eller gjer avtale på tlf 576 69 500.

Kommunen vil presisere at gratis test kit for gjennomføring av hurtigtestar for vaksne, er forbeholdt dei som har symptom.

 

Det blir redusert kapasitet på helsesenteret pga arbeid i samband med smitteutbrotet så folk som kjem til legetime må regna med økt venting bortsett frå når det gjeld øyeblikkeleg hjelp.

 

Mediekontakt for informasjon om smitteutbrotet i Lærdal er ordførar Audun Mo, mobilnr. 992 05 006.