Det er venta at tal smitta vil auke dei neste dagane. Den øvste bereskapsleiinga i kommunen har hatt møte med Statsforvaltaren i dag om situasjonen, og har fått tilbakemeldingar på at dei tiltaka som er satt i verk er i tråd med nasjonale tilrådingar.

Det er svært viktig at alle følgjer smittevernråda, og at ein prøver å avgrense den sosiale kontakten dei neste dagane.

I tillegg gjeld desse råda førebels fram til tysdag 9. november:

  • Vurder nødvendigheita av innandørs arrangement for barn i barneskolealder (barne og mellomtrinn) , og avlys om det kan utsettast.
  • Utendørs arrangement kan gå som normalt forutsatt at det ikke innebærer tett kontakt over tid.
  • Foreldre til barn i barneskolealder bør vurdere nødvendigheita av å delta på sosiale arrangement.
  • Dette gjeld både private og offentlige arrangement.
  • Vær nøye på hånd og dråpesmittehygiene. Også i heimen
  • Bruk munnbind hvis du kommer for tett på folk. Ha alltid et munnbind i lomma.
  • Bruk munnbind ved besøk på sjukeheimen og på venterommet på Helsesenteret.

Lærdal er topp 20 i Norge på vaksinasjonsdekning, og dette betyr at me er godt beskytta mot alvorleg sjukdom som følgje av Covid 19. Det ligg også godt til rette for at me kan stoppe dette utbrotet med enkle hygienereglar og kortvarig endring av planer.

Kommunen oppdaterer smittesituasjonen dagleg på heimesida.

Mediekontakt er ordførar Audun Mo, mobilnr. 992 05 006.