- Å ha slike opplegg er ein av fleire nasjonale anbefalingar. Så har me vore i kontakt med andre kommunar som har gjort det slik, seier ergoterapeut Synnøve Askeland.

Onsdag 14. februar arrangerte Lærdal kommune fagdagen «God alderdom i Lærdal». Askeland og fysioterapeut Iris Blaaflat stod i bresjen for opplegget.

Programmet

Målgruppa var innbyggjarar frå 65 år og oppover, og programmet inneheldt hovudsakleg følgjande:

  • Opning av dagen ved ordførar Audun Mo 
  • Seniorrådgjevar for Helse og omsorg, Åge Bøyum - Kva er planane til Lærdal kommune når det kjem til helse for dei neste ti åra? 
  • Husbanken ved Olav Ohnstad og Frode Hovlandsdal - Saman om bustadbygging og oppgradering. Kva kan Husbanken tilby? 
  • Nav Lærdal ved Janne Reppen - Ei orientering om kva Nav jobbar med, og kva som kan vere nyttig å vite for deg 
  • Musikkinnslag med Longhorn
  • Ergoterapeut Synnøve Askeland Kvamme - Litt om ergoterapi, og å planlegga eigen alderdom 
  • Pleie og omsorg ved einingsleiar Toril Tørvi - Nyttig informasjon om ei sentral teneste i Lærdal
  • Informasjon frå ulike frivillige lag og organisasjonar - Kan dette vere noko for deg å ta del i?

- Bakteppet er at me har hatt ei ordning med heimebesøk til dei frå 75 år og oppover , det er det koordinator pleie og omsorg og ergoterapeut som har stått for. Men me har litt ulike erfaringar med slike heimebesøk. Det er stor skilnad på 75-åringar - nokre tykkjer dei er altfor unge til å få heimebesøk, nokre tykkjer det er i seinaste laget og nokre vil ganske enkelt ikkje ha det, forklarar Blaaflat.

I tillegg vart det stort etterslep på heimebesøka under koronaepidemien, i tillegg til at det har vore utskifting i fleire av dei involverte stillingane siste tida.

Olav Ohnstad frå Husbanken fortalde om deira ordningar.

- Meir heilskapeleg

Dermed tromma dei altså saman til fagdagen slik at mange i målgruppa kunne få brei, god og likearta informasjon samstundes.

- Det blir snevert å berre ha heimebesøk - med ein slik fagdag fekk me formidla mykje meir og på ein meir heilskapleg måte. Og så nådde me altså ut til vel hundre i målgruppa, seier Askeland.

- Og dei som har trong for heimebesøk, kan framleis få det, påpeikar Blaaflat.

På den eine sida var mykje av informasjonen tiltak og ordningar for eldre; samfunnet generelt blir innretta meir og meir mot «hjelp til sjølvhjelp» sidan det blir fleire eldre i tida framover.

- Det vart nok tydeleg for ein del kva ein må tenkja på; at ein må ta litt ansvar sjølv for å ha ein mest mogleg sunn livsstil og slik ha gode føresetnader for å halda seg frisk, seier Askeland.

Kven stiller alltid opp for å underhalda med song og musikk? Sjålsagt Longhorn. 

- Mykje ressurssterke folk

På den andre sida var eit hovudfokus den ressursen eldre er.

- Me har veldig mykje ressurssterke folk her som har mykje å gje. Difor hadde me ein post på programmet med lag og organiasasjonar slik at dei som kom fekk oversikt over aktivitetar dei kan vera med på, bidra til samstundes som det gav innsikt i den frivillige jobben som ligg bak dette.

Lærdal seniordans, Lærdal linedance, Lærdal historielag, LHL Lærdal, Seniornett Lærdal og Lærdal turlag var alle på plass for å fortelja om sine tilbod og aktivitetar.

- Så vart det veldig tydeleg at det trengst ein slik dag til. Då med andre tema. Så det satsar me på å setja opp til hausten, seier Askeland.

Dei påpeikar også at Kiwi, Coop Extra og Joker sponsa frukt og at Sogn sparebank sponsa transport.