Det blir synt til energi- og miljøkomiteen på Stortinget si tilråding i samband med handsaming av Meld. St. 18 (2023–2024) «Ein forbetra tilstand for villrein». «Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 i med villrein frå sone 2 når denne kildebestanden er friskmeldt på bestandsnivå slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.»

Nordfjellarådet og kommunane i Nordfjella ser svært positivt på tilrådinga, som er i tråd med klare synspunkt frå kommunane i Nordfjella, villreinnemnd, villreinutval og Nordfjellarådet. 

Etter jakta 2024 vil sannsynet for fråvêr av smitte etter teoretisk modell vera på om lag 98%. Det har vore stilt store spørsmål ved krav om 99%, som blir vurdert som svært urimeleg og teoretisk og utan bruk av skjønn. Etter Nordfjellarådet sitt syn må 97 - 98% kunne definerast som «eit akseptabelt nivå». 

Utan nye tilfelle av CWD etter jakta 2024, med gode fellingsresultat og optimal prøvetaking, så må overføring av dyr frå sone 2 til sone 2 kunne starta i 2024. Nordfjellarådet og kommunane i Nordfjella håpar no at arbeidsgruppe og prosjektleiing for reetablering blir etablert snarast råd.