“Kåffikopp med ordførar og varaordførar” blir vanlegvis arrangert siste torsdag i månaden - men i februar er denne dagen sjølvaste skotårsdagen 29. februar, når det blir arrangert stort skotårskarneval på Lærdalsøyri skule - og då vil ein ikkje leggja opp til arrangementskræsj. I tillegg er siste torsdagen i mars skjærtorsdag (28.mars), så då lyt ein halda kviledagen heilag.

Difor har ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen gått for ei pragmatisk tilnærming og avviklar difor éin kåffikopp midt imellom, nærare bestemt torsdag 14. mars. Då har dei signalisert at det blir servert noko ekstra godt til kåffien, utan å avsløra kva dei konkret meinar med det, så det får den som møter opp der og då sjå (og rimelegvis få smaka).

Altså - det blir ikkje “Kåffikopp med ordførar og vararordførar” no torsdag, 29. februar, men 14. mars i staden. Då kan kven som helst som vanleg ta opp små eller store saker ein måtte ha på hjartet eller meina noko om.