Dei aller fleste hytter ligg langt frå næraste brannstasjon.  Det er same krav til branntryggleik i fritidsbustadar som din private heim.

Hugs:

  • Sjekk røykvarslarane. Dei reddar liv!
  • Sjekk og kontroller brannsløkkingsapparatet.
  • Skorstein og eldstad. Sjekk at pipa er fri for hindringar, som snø.
  • Sørg for at rømmingsvegar er lette å bruke, fjern snø frå vindauge.                                          

Slik fyrer du riktig i eldstaden:

  1. Bruk tørr ved og god trekk til det har blitt skikkelig fyr
  2. Reguler trekken slik at det brenner med rolige flammer
  3. Legg på litt og litt ved for å fyre jamt
  4. Bruk aldri tennvæske, bensin eller andre brennbare væsker
  5. Ikkje fyr med søppel                                                                                                                                

Ved bruk av gass:

  • Kontroller slangar og koplingar for lekkasje.
  • Bruk gassvarslar.

For meir informasjon om branntryggleik, kllikk på denne lenkja for å koma til nettsida sikkerhverdag.no