Smitte, isolasjon og karantene
Det er no aukande smitte , også i Lærdal. Det er den siste veka 14 nye smitta med hurtigtest, der 5 til no er stadfesta med PCR. Tal nye smittetilfelle pr. dag er aukande.
Dei smitta er i isolasjon og husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære er varsla og i karantene. Dei fleste er smitta utanfor bygda. Vi har i tillegg ei smitteklynge i Lærdal.
Det er sannsynleg med aukande smitte framover. Vi har pr i dag ikkje smitte i skule, barnehage eller institusjonar i kommunen.

 

Kva gjer eg når:
Eg har testa positivt på hurtigtest (heimetest):
Kontaktar legekontoret på telefon 57669500 fyrste kvardag for å avtale bekreftande test ved legekontoret ( PCR).
Varslar alle mine nærkontakter frå 48 timer før eg fikk symptom eller testa positivt. 
Går i isolasjon. 
Når du har varsla helsesenteret vil du bli kontakta av ein smittesporar som kan gje deg råd og rettleiing.
Når du har fått svar på bekreftelsesprøve varslar du ut på SMITTESTOPP-APPEN
 
Eg har fått beskjed om at eg er nærkontakt:
Kva type nærkontakt er eg? (hustandsmedlem, tilsvarande nær eller anna).
Set meg sjølv i karantene om naudsynt.
Har eg unnatak? (gjennomgått Covid siste 3 månader eller 3. vaksinedose for meir enn ei veke sidan eller samfunnskritisk personell).
Hentar testar og tester meg så snart som mogleg.
 
I tråd med dei nye retningslinene frå den 14.1 er det kun husstandsmedlemmar og tilsvarande nære som skal i karantene. Andre skal teste seg regelmessig etter retningslinene. Nærkontakt er definert som mindre enn 2 meter avstand i meir enn eit kvarter. Jo lenger tid, jo lenger sannsyn for smitte.
 
Kva er «tilsvarande nær»:
Her må ein bruke sunn fornuft. I blant må ein sjølv bestemme kva kategori ein høyrer til.
Vi får ein del spørsmål om dette: Her er nokre stikkord:
Kjærast
Overnattingsgjest eller anna person du tilbring mykje tid saman med.
Personar du har vore tett med i små rom over lang tid (heimesamlingar o.l.)
Delt drikkeflaske eller på anna måte kommen i kontakt med sekret utan beskyttelse.
 
Meir informasjon om karantene og isolasjon finnast på helsenorge.no:

Testing og smittesporing
Vi har  bra med sjølvtestar tilgjengeleg for alle som treng det. Dei kan du få på rådhuset mellom kl. 10.00-14.00, og på legekontoret mellom 13.00-15.00. Viss du hentar på legekontoret, ring fyrst på 57669500 for nærare avtale. Slik tilrådingane no er, skal desse heimetestane brukast av nærkontakter eller ved symptom som gir mistanke om korona.
Det er viktig at folk er ekstra obs på luftvegssymptom no, og tester seg ved symptom eller mistanke. Dette gjeld spesielt for dei som har vore i kontakt med smitta , men også for alle andre.  

 

Skule og fritid
Vi prøver og halde aktivitetar i gong som vanleg – etter dei råd og forskrifter som gjeld. Arrangørar bør passe ekstra på at smittevernreglane vert følgt, og kan vurdere å utsetje / avlyse arrangement ved tvil. Skular driv vidare på «gult nivå ». Ingen må vere på jobb / skule/ aktivitetar om dei har luftvegsymptom. Oppfordringa er å følgje dei nasjonale råda. 

Vaksinering 
Vi er kome langt med vaksineringa. Lærdal ligg godt an når gjeld vaksinering og alle over 18 år vil i løpet av dei neste to vekene ha fått tilbod om den 3. vaksinen.
Sjølv om dei smitta gjerne vert mindre sjuke med den nye omnikronvarianten av korona er det likevel viktig at alle som kan vaksinerer seg.
Mange studiar viser klart at vaksinerte blir mindre sjuke av korona. Folk i Lærdal har vore flinke til å stille opp for vaksinering, men det er ikkje alltid at tidspunkta passar. Derfor har vi og eit tilbod om Drop in, der du kan koma utan å tinga time.

Det er drop-in:
27/1: kl 1600-1800 på Villakssenteret
3/2  : kl 1600-1800 på Villakssenteret