FHI legg ut distribusjonsliste kvar veke. Listene er open for ålmenta og de kan lese dei her. dersom de lurer på mengd vaksiner som Lærdal kommune får tilsendt dei komande vekene. Der vil de sjå at per no får me kun vaksiner til dei som skal ha dose to. Me kan dessverre ikkje seie noko om kva tid det er forventa at det kjem fleire vaksiner til oss. De vert kalla inn så fort me får tilsendt fleire. Førebels er det framleis aldersgruppa 65+, dei i risikogruppa under 65 år og helsepersonell som vert prioritert.