Leidningstraseen frå sjukehusbrui til Håbakken er ferdigstilt. Avløpspumpestasjonen på Håbakken er sett i drift. Bygget til nytt vassverk er på plass, prosessutstyret for å reinse og behandle drikkevatnet er på plass, men straumen manglar. 

Etter planen skulle det nye vassverket no ha vore i drift, men på grunn av manglande deler frå utlandet klarar ikkje leverandøren av trafoar å levere trafo til Lærdal Energi. Siste melding er at trafo vil vere på plass i løpet av oktober. Med testing og prøvedrift vil ein då kunne levere nytt vatn i springen i løpet av november. 

Teknisk drift