Telenor har varsla Lærdal kommune om at det i 2024 vil bli fjerna ei rekkje gamle telefonstolpar, - kablar og skap som ikkje lenger er i bruk. Arbeidet med dette vil føregå frå veke 16 (som startar med måndag 15. april) og fram til november.

Det er selskapet Linjeproff AS som skal utføra jobben, og i eit informasjonsbrev skriv dei at motorkøyretøy for naudsynt transport av utstyr og mannskap vil bli nytta og at denne transporten vil føregå langs eksisterande stolpetrasear og frå/til offentlig veg. Det vil seia at det vil bli nytta ATV og beltegåande køyretøy langs eksisterande tele og el-linjer i kommunen.

“Vi vil selvfølgelig bestrebe oss på å ivareta natur/fauna på best mulig måte, og ønsker oss et godt samarbeid med både kommunen og private grunneiere som måtte bli berørt”, skriv selskapet vidare, og opplyser at dei vil ta kontakt med grunneigarar/huseigarar når arbeid vil koma tett på busetnad og/eller når det er naturleg.

Saneringsarbeidet går ut på å fjerna stolpar, kablar og skap som ikkje lenger er i bruk, og er såleis ein stor oppryddingsjobb Telenor gjer i heile landet.

Kartet under syner dei mange punkta/områda det vil føregå saneringarbeid på.