Totalt var tilskotspotten på 20 000 kr. då tilskotsordninga vart utlyst første gong, med frist 17. juni. Det er framleis att kring halvparten av denne potten, og Lærdal kommune lyser difor ut ein runde 2 av tilskotsordninga.

Eigarar av bygningar i verneområdet kan søkja. Ein formulerer sjølv ein søknad som må innehalda følgjande opplysningar:

  • Namn, adresse og kontaktinfo (mobil eller e-post) på søkjar.
  • Informasjon om kva bygning søknaden gjeld, inkl. adresse for bygningen
  • Kontonr. for utbetaling av evt tilskot

Kriteriane for tilskotsordninga er som følgjer – desse punkta må søknaden seia noko om:   

  • Det må nyttast diffusjonsopen linoljemåling, til dømes linoljemåling frå Wibo, Linomal frå Møretyri eller Kulturhantverkarna. Det er òg andre merker som er diffusjonsopne, men ynskjer ein andre produsentar enn dei nemnde må dette godkjennast på førehand. 
  • Bygningen som skal målast må liggja i verneområdet
  • Ein må følgja fargeplanen for bygningar i verneområdet 
  • Ein kan få tilskot på inntil 25% av kostpris for linoljemåling, maksimalt totalt 5000 kr. Det kan gjevast meir dersom det er få søknader. Søknaden må såleis innehalda overslag over totalsum for innkjøp av linoljemåling og søknadssum utifrå dette. 
  • Kvitteringar på innkjøpt linoljemåling og bilete av både før bygningen var måla og ferdigmåla bygning må sendast inn som rapport innan 31.august 2024. Tilskotet blir betalt ut etterskotsvis basert på rapport.

Søknadsfrist: måndag 1.juli. Søknad sender ein på e-post til: post@laerdal.kommune.no

Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri vurderer søknadane og utmålar tilskota i slutten av juli.