2.november kjem Knudsen til Lærdal for å fortelja om boka, sitt nære forhold til villreinen i Nordfjella – og det blir høve til å kjøpa boka.

I tillegg kjem koordinator for reetableringa, Knut Arne Gurigard og fortel om siste nytt kring reetableringsplanane for Nordfjella sone 1.

  • Tid: Torsdag 2.november kl. 18
  • Stad: Sognasmak på Håbakken
  • Servering: Kake og kaffi (gratis) – det blir høve for å handla på Sognasmak
  • Påmelding: På grunn av serveringa må den/dei som kjem melda seg på ved å senda SMS til 9773 6994 eller e-post til ole.saelthun@laerdal.kommune.no innan fredag 27. okt kl. 12.

Arrangementet er i regi av Lærdal folkebibliotek.

Program:

  • Ole Ramshus Sælthun (Lærdal kommune) innleier og introduserer
  • Per-Aksel Knudsen (forfattar) fortel om boka «Villrein i lys og skygge»
  • Knut Arne Gurigard (koordinator) fortel om reetableringsplanane

Det er ikkje noko stramt tidsskjema, men me skal vera ferdige i god tid til årsmøtet i Lærdal bondelag, som startar kl. 20 same stad. Vel møtt!