- Det er ein morosam sjanger eg sjølv alltid har kost meg med, til dømes Poirot og Miss Marple. Så er det ein kul sjanger å dramatisera, ein kan leika mykje, seier dramalærar på kulturskulen i Lærdal, Ingrid Einemo Zwart.

Ho har sjølv skrive krimmusikalen “Mord!” som har førestillingar tysdag, onsdag og torsdag 19. - 21.mars i kultursalen, klokka 18 alle dagar. Det er berre førehandssal - trykk på denne lenkja for å kjøpa billettar. Dramaelevane på kulturskulen står altså på scena, og dei har vore entusiastiske kring prosjektet.

Sjå meir informasjon om musikalen ved å klikka her, til Friskus-arrangementet. 

33 roller

- Det vart stor jubel då eg sa at me skulle setja opp ei stor førestilling. Og det er jo kjempegøy. Det handlar om eit mord i Lærdal på 50-talet. 

- Korleis kom du på å laga akkurat det?

- Det var Marita (Vangen Bratteteig, også kulturskulelærar) og eg som sat og prata. Så sa ein av oss at hadde det ikkje vore gøy med ein krimmusikal? Så sa den andre ja. På 50-talet? Så sa den andre ja då også. Det er veldig kortversjonen. 

Rollelista består av heile 33 roller.

- Eg måtte skriva den sjølv for å få roller til alle. Og den er skriven på altfor kort tid og altfor seine kveldar. Men det er så mange karakterar eg har kost meg med; sett føre meg korleis den og den kan gjera den og den karakteren.

- Veldig spent

No ei halv veke før premieren er det øving for harde livet og naturleg nok litt armar og bein.

- Eg veit jo at det alltid går bra til slutt. No er me på det verste, der ingenting heng saman. Så eg er veldig spent. Men eg ler av det sjølv når me har øvingar, så eg trur det blir bra.