Våren er tid for å pynta opp - også frå kommunen si side. Difor har teknisk eining feia og reingjort kommunale gater og plassar med fast dekke i og rundt sentrum - her er det meste unnagjort når me går inn i påskeveka. 

Etter påske held mannskapet fram med å gjera same jobben først på Ljøsne, så på Borgund - denne “gangen” i det heng saman med at våren kjem seinare i øvre deler av dalen enn nedre deler.

Vidare oppmodar kommunen folk om å klippa hekker, busker og tre som kan hindra sikt for både mjuke- og biltrafikantar no som lauvet snart byrjar å koma. Informasjon om dette kom ut før skulestart på seinsommaren i fjor, men mykje det same gjeld no på våren - les meir om dette ved å klikka på denne lenkja.