Plan for oppstillingsplass for køyretøy og oppgradering av Voll bru er no på høyring
Statens vegvesen har utarbeida framlegg til løysing for oppstillingsplass for køyretøy under stenging av Lærdalstunnelen under oppgraderingsarbeidet. Oppstillingsplassen er planlagd ved Lærdalselva over Voll bru. I tillegg det gjerast større vedlikehaldstiltak på Voll bru, så reguleringsplanen inneheld også tiltak knytt til oppgraderingsarbeidet for brua.